Sider

onsdag 29. juni 2011

Husets midtpunkt



Endeleg!!! I dag kom trappa:) Hærleg følelse var det verkeleg. Ja, eg veit at det er mykje som er hærleg for tida, men det må til, for då nærmar det seg innflytting. Det vart heilt kvit trapp på oss, og eg angrar ikkje. (Ikkje enno vertfall.) Den var verkeleg heilt nydeleg. Hovudbadet er også ferdig. Kjem skikkelege bilete etterkvart. Her ser de innreiinga i kvit høgglans frå Kvik og håndtak frå Lisbeth Dahl.

Ha ein fortsatt fin kveld=)

tirsdag 28. juni 2011

Det nærmar seg

God kveld i stova alle saman. Beklagar for slapp oppdatering frå denne fronten. Men som de sikkert forstår så er det hus, hus og atter hus som står på programmet om dagen. Medan Odin er på SFO, jobbar eg og Herr Blåbær med diverse monteringsarbeid. No er alle garderobeskap og Ikeakjøkenet på vaskerommet ferdig montert. Dørar er på plass, vatn fekk me i dag og i morgon blir det lys. Hurra!! Me gledar oss STORT, og satsar på innflytting om ei vekes tid. Det siste som manglar no, og som kanskje er det viktigaste er trappa. Den kjem denne veka. Skal ta ein del bilete etterkvart, så skal de få sjå:) 

To bilete eg har teke i full fart med mobilen:

Blandebatteri på kjøkkenet. fliser kjem opp denne veka.


Ha ein fortsatt fin kveld:)

mandag 20. juni 2011

Ytterdører på plass

Endeleg er ytterdørene på plass! Hærleg følelse:) No når me har ferie blir det lange dagar på huset. Tida går med på montering. I dag vart Walk-in garderoben og garderobeskapet til Odin ferdig montert. I morgon står vaskerommet for tur. Der har me kjøpt eit Ikeakjøkken som skal monterast. Skru - skru - skru!! Byrjar verkeleg å ta form:)

God natt alle kjekke=)


onsdag 15. juni 2011

Bilderas II

I dag har eg fått tatt nokre skikkelege bilete med skikkeleg kamera. Då kan eg endeleg få visa fram flisene på badet og litt anna kjekt. Herr Blåbær vart i kveld ferdig med golvet i 2 etg. Det vil seie at alt som er av eigeninnsats i 2. etg. er FERDIG! Hærleg=) Det som står igjen for vår del no, er golvlegging i stova nede. Reknar med listing startar fyrstkomande måndag.

Ellers så ser me veldig fram til sommarferie om 2 DAGAR, og skal ikkje byrja på jobb igjen før midten av august. JEJEJE=)
Badet i 1. etg

Dusjhjørnet

Hallen

TV-kroken, med linselus:)

Meir stove

Stove 2. etg

Hovudbad 2. etg.

Bad - Walk-in - Master bedroom

Master bedroom - Walk-in - Bad

Master bedroom

Walk-in

Odin sitt soverom





Eit av dei andre soveromma

GOD NATT=)

søndag 12. juni 2011

Sofa

Sidan me flyttar frå ein liten hybel med nesten ingen møblar må me kjøpa omtrent alt nytt til huset. Litt kjedeleg for det kostar ein del pengar, men mest morro for tenk å få ALT nytt da:) Har kjøpt litt på forhånd, men har tenkt å ta litt etterkvert etter me har flytta inn. Har kjøpt to sofaer som kjem neste veke. Begge er meint som kose/tv sofa. Blir spanande å sjå korleis dei passar inn i huset. 

No skal eg sjå ferdig sesong 7 av Desperate Housewives=) Jihuuu=)

Sofa frå Bolia

Sofa frå Ikea, til stova i 2. etg.





lørdag 11. juni 2011

Snart i mål

Sidan elektrikaren hadde nokre opgåver på kjøkenet, har me måtte venta med nokre av skåpa og skuffene. No er alt på plass utanom skuffen under vasken (ventar på røyrleggar), lister og fliser under overskåpa. Me er strålande nøgde med kjøkenet så langt. Gledar meg til å få lys i glasskapa og til lampene over øya kjem opp. Kjem til å bli smashing.

Ellers så har dagen i dag gått med til synging i bryllaup og no er det avslapping på sofaen med Vakre Hjem og eit glas brus. Skål=) 


Ha ei fortsatt fin pinsehelg:)

 

torsdag 9. juni 2011

Utelamper på plass

Eletrikaren har i dei siste dagane jobba på huset. I dag har utelampene komme på plass. Vart kjempenøgde med dei. Føler dei passar godt til huset. Bileter av fliser kjem snart. Trur eg må ta med meg skikkeleg kamera i helga, slik at eg får skikkelege bilete. 

Ellers så lengtar me etter sommar her i Sogn. Det er rett og slett litt for mykje vatn som dett ned frå himmelen om dagane. 

Ha ein fortsatt fin aften=)

 

tirsdag 7. juni 2011

Puuuh!

Endeleg er Fru Blåbær ferdig med sin del av malingsarbeidet og tapetlegging. Siste tapetbit kom opp i går kveld, og siste strøk maling kom på i dag. Det som gjenstår for vår del no er å legge golv i stovene og litt montering av vaskeromsinnredning og garderobar. Det nærmar seg innflytting og 1. juli er den endeleg datoen me satsar på å få flytta inn. Ikkje lenge til det da:)

Legger med bilete av den fine tapeten som har komme opp i den innerste delen av stova i 1. etg. Vart superfint:)


Ha ein fortsatt fin fin aften:)